Pastaza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pastazaelva nær Baños
Foto: Martin Zeise, Berlin

Pastaza (tidlegare Sumatara) er ei stor sideelv til Amazonaselva.

Ho drenerer frå høglandet i Ecuador. Ei hovudgrein frå Latacungabassenget i nord sluttar seg til ei anna hovudgrein frå Riobambadalen i sør og tar med seg fleire sideelver mot aust gjennom Pastazadalen ned til Pastazaprovinsen og Amazonas. Der tar ho retning mot søraust, deretter gjennom regnskogen mot sør til ho endar i Marañónelva, som renn eit kort strekk mot aust til også Huallagaelva sluttar seg til Marañónelva mot Iquitos.

Pastaza er ikkje til anna nytte enn for ferdsel med kano. Ho er strid, grunn og full av sandbankar og anna hindringar. Ho er frykteleg i flaum. Vegen mellom Macas og Puyo kryssar elva med ei bru som er open for personbilar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bru over Pastazaelva mellom Puyo og Macas
Foto: André Hübner