Pat Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pat Lewis
Fødd23. oktober 1947 (73 år)
FødenamnPatsy Lewis
OpphavJohnstown i Pennsylvania i USA
Aktiv1963 til i dag
SjangerSoul, R&B, gospel
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe Andantes
PlateselskapGolden World, Solid Hit Bound, Motorcity
Verka somSongar

Pat Lewis (fødd 23. oktober 1947) er ein amerikansk soulsongar og korvokalist som byrja opptre i 1960-åra.

Tidleg i 1960-åra danna ho, systera Dianne og to vener (Betty og Jackie Winston) gruppa The Adorables, som spelte inn ei plate før dei byrja å syngje korvokal for Golden World Records. Lewis debuterte som soloartist i 1966 med «Can't Shake It Loose». Ho møtte den faste korgruppa til Motown Records, The Andantes, og ein dag då ei av jentene ikkje kunne møte opp for Stevie Wonder si innspeling av «Up-Tight», gjekk Lewis inn og gjorde det så bra at ho fekk fleire innspelinga for Motown. Ho fekk kontrakt med Solid Hit Bound Records og gav ut ei rekkje singlar, som «Look At What I Almost Missed», «Warning», «No One to Love», «No Baby No» og «The Loser». Frå seint i 1960-åra vart ho fast korsongar for Aretha Franklin, Isaac Hayes og seinare George Clinton. Ho skreiv fleire songar for Isaac Hayes.

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Separation (Motorcity, 1991)
  • The Best of Pat Lewis (Motorcity, 1996)
  • This Is Gospel (103rd Street Gospel Choir with Pat Lewis - 2CD - K-Tel, 2000)
  • A Gospel Christmas (K-Tel, 2000)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Can't Shake It Loose» (1966)
  • «Look at What I Almost Missed» (1966)
  • «Warning» (1967)
  • «No One to Love» (1967)
  • «No Baby No» (1967)
  • «The Loser» (1967)
  • «Separation» (1991)
  • «No Right Turn» (1991)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]