Patric Kjellberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patric Kjellberg
Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. juni 1969 (54 år)
Trelleborg
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998

Patric Göran Kjellberg (fødd 17. juni 1969) er ein svensk tidlegare ishockeyspelar frå Trelleborg. Han vart verdsmeister med Sverige i 1992 og 1998 og olympiameister 1994 på Lillehammer.

Venstrevengen Kjellberg spelte på AIK Stockholm frå 1988 til -92. Etter ei mislykka tid i Montreal Canadiens hausten 1992 vende han heim til Sverige og var aktiv for HV 71 i to sesongar frå hausten 1993. Han vart seriemeister med laget frå Jönköping i 1995, for så å gå vidare til Djurgårdens IF, der han 1995-98 spelte i rekke med mellom andre norske Espen Knutsen. Kjellberg avslutta si tid som ishockeyspelar i National Hockey League. Frå sommaren 1998 gjorde han teneste i Nashville Predators, til dess han var Anaheim-spelar frå seinhaustes 2001 til han la opp våren 2003.

Perioden 1989-98 var Kjellberg med i tre svenske VM-tropper og like mange olympiske turneringar. Han vann VM-gull 1992, OL-gull 1994 og VM-gull 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]