Patricia Chauvet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patricia Chauvet
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 11. mai 1967 (56 år)
Villeneuve-Saint-Georges
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992

Patricia Chauvet (fødd 11. mai 1967) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Villeneuve-Saint-Georges i hovudstadsområdet. Slalåmspesialisten vann i 1996 VM-sølv i yndlingsøvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå desember 1987 til desember 1990 oppnådde Chauvet seks pallplasseringar i verdscupen i alpine greiner, alle i slalåm. Ho vart nummer seks då OL 1992 fann stad i Albertville. Den 24. januar 1993 vann sin einaste siger i verdscupen, i slalåmrennet i Haus im Ennstal. Gjennom 1993-sesongen var ho den tredje beste poengplukkaren i slalåm i verdscupen, bakom Vreni Schneider og nyzealandske Annelise Coberger.

Høgdepunktet for Chauvet var sølvmedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada, der Pernilla Wiberg vart verdsmeister. Sesongen etter, 1996/97, kom dei to siste pallpreastasjonane kring juletid, før ho vart nummer fire i spesialøvinga under VM i alpine greiner 1997 i Sestriere. Ho la opp etter OL-sesongen 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]