Patrick Favre
Utsjånad
Patrick Favre | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 30. juli 1972 (52 år) Aosta |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998 |
Utmerkingar | Gullkraven for sportslig fortjenste |
Patrick Favre (fødd 30. juli 1972) er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Aosta.
Favre vart nummer to i verdscupen i skiskyting 1995, einast norske Jon Åge Tyldum plukka fleire poeng gjennom sesongen.
Under VM i skiskyting 1997 i Osrblie deltok Favre på det italienske laget som tok bronsemedaljen i 4 x 7,5 km stafett. I dei individuelle tevlingane kom han fjerdeplassen i sprintrennet og på femteplass i jaktstarten. To år seinare skaut han to fulle hus i 7,5 km sprint og fekk sølvmedaljen under VM 1999 i Kontiolahti, også den tyske vinnaren Frank Luck skaut prikkfritt og vann med 22 sekudars margin.
Favre la opp som skiskyttar i 2004. Sidan har han vore aktiv på leiar- og trenarsida i italiensk idrett.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Patrick Favre» frå Wikipedia på tysk, den 18. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Patrick Favre» (på engelsk). olympedia.org. Henta 11. februar 2023.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1972
- Italienske skiskyttarar
- Italienske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skiskyttarar under vinter-OL 1994
- Italienske deltakarar under vinter-OL 1998
- Skiskyttarar under vinter-OL 1998
- Deltakarar under VM i skiskyting 1995
- Deltakarar under VM i skiskyting 1996
- Deltakarar under VM i skiskyting 1997
- Deltakarar under VM i skiskyting 1998
- Deltakarar under VM i skiskyting 1999
- Deltakarar under VM i skiskyting 2000
- Deltakarar under VM i skiskyting 2001
- Deltakarar under VM i skiskyting 2004