Frank Luck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frank Luck
Frank Luck Ruhpolding 2005.jpg
Fødd 5. desember 1967
Schmalkalden
Yrke skiskyttar, friidrettsutøvar
Frank Luck på Commons

Frank Luck (fødd 5. desember 1967)er ein tysk tidlegare skiskyttar, fødd i Schmalkalden i Thüringen, som representerte DDR og seinare Tyskland. I tida 1989 til 2004 vann han 11 VM-gull og to OL-gull, ti av desse gullmedaljane fekk han med stafettlag og i lagøvinga. Til saman vann Luck 25 medaljar i dei internasjonale meisterskapane i skiskyting.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Luck kvalifiserte seg til vinter-OL i Calgary, der han kom på sjetteplass på 10 km. Hans store gjennombrot kom året etter, då han vart verdsmeister på 10 kilometer og med DDR sitt stafettlag. I 1990 fekk han eit nytt VM-gull med DDR, då han i Oslo gjekk lagøvinga. Året etter tok han sølvmedaljen på 10 km i VM og deltok på det samla Tyskland sitt vinnarlag i 4x7,5 km stafett. Grunn sjukdom kunne han ikkje delta i vinterleikane 1992 i Albertville.

Under VM 1993 i Borovets tok Luck to medaljar; gull i lagøvinga og bronse på stafetten. Han kom på sølvplassen på 20 km under OLLillehammer i 1994 før han vart olympisk meister med det tyske stafettlaget. Også i VM 1995 og VM 1997 fekk han VM-gull i stafett. Sameleis gjekk det i Nagano under vinter-OL 1998. Luck hadde dermed vore med å vinne fire gullmedaljar på fem år i stafettøvinga, berre i 1996 måtte Tyskland nøye seg med sølv.

Ti år etter han vann sin fyrste individuelle VM-tittel i 1989, kopierte Luck bragda ved å vinne 10 km under VM 1999 i Kontiolax. Han tok så sin tredje og siste individuelle gullmedalje då han i Oslo i 2000 vann jaktstarten, etter å ha vorte nummer fire på 10 km. Luck tok elles bronsemedaljen på 20 km i same meisterskapen. Sidan tok han OL-sølv på 20 km i 2002, og kunne i 2003 og 2004 kassere inn VM-gull i stafett for høvsesvis sjuande og åttande gong.

Luck vart nummer tre i verdscupen i skiskyting i 1994 og 1999. Både i 2000 og 2002 vart han tildelt pokalen som beste utøvar på 20 km i verdscupen. I alt vann han 12 individuelle renn i verdscupen.

Han la opp som skiskyttar i 2004.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar