Patti Page

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Patti Page
Patti Page.JPG
Page i 1950-åra
Fødd8. november 1927(1927-11-08)
FødestadClaremore i Oklahoma i USA
Død1. januar 2013 (85 år)
DødsstadEncinitas i California i USA
FødenamnClara Ann Fowler
OpphavUSA
Aktiv1946–2012
SjangerTradisjonell pop, country
InstrumentVokal
Stemmetypealt
PlateselskapMercury, Columbia, Epic, Avco, Plantation
Verka somSongar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award

Clara Ann Fowler (8. november 19271. januar 2013), mest kjend under scenenamnet Patti Page, var ein USA-amerikansk pop- og countrysongar. Ho var den kvinnelege artisten med flest listetoppar og den bestseljande kvinnelege artisten i 1950-åra,[1] og selde over 100 millionar plater i løpet av ein karrieren som spente over seks tiår.[2] Ho vrt ofte introdusert somm «the Singin' Rage, Miss Patti Page».

Patti Page definerte på ange måtar tiåret med ærleg, vaksen pop med hittar som «The Doggie in the Window» og «I Went to Your Wedding». Page vart verande på hitlisten til kring midten av 1960-åra.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Clara Ann Fowler var fødd i Muskogee i Oklahoma og byrja å syngje profesjonelt på ein radiostasjon i Tulsa og spelte konsertar i helgene på si. Etter at ho vart kalla Patti Page for eit program sponsa av Page Milk, valte ho å ta dette scenenamnet. Page turnerte lanet rundt med eit band leia av Jimmy Joy og enda opp i Chicago i 1947, der ho song i ei lita gruppe med Benny Goodman og ho fekk platekontrakt med Mercury. Den første hitten hennar, «Confess» kom et same året og gjorde ho til den første popartisten som overdubba harmonivokal oppå sin eigen solovokal. Etter eit par hitlåtar til, fekk Page den første singelen sin som selde ein million i 1950 med «With My Eyes Wide Open I'm Dreaming». I 1950 fekk ho òg den første førsteplassen sin med «All My Love» som låg fleire veker på toppen av salslista. Det same året gav ho ut den største hitten i karrieren hennar, «The Tennessee Waltz». Denne låg på toppen av salslista i fleire månader, og vart til slutt ein av dei bestseljande singlane gjennom tidene.

I 1952-1953 fekk Patti Page to tore hittar til med «I Went to Your Wedding» og «The Doggie in the Window», som begge låg meir enn to månader på toppen av saslista. Ho fekk sitt eige TV-show, The Patti Page Show, i 1955 og byrja å spele inn album med In the Land of Hi Fi og Manhattan Tower. Page var meir standhaftig mot en nye rock and roll-bølgja enn dei fleste hennar samtidige, og fek ein stor hit i 1956 med «Allegheny Moon» og «Old Cape Cod» året etter. Page fortsette å få singlar inn på listene til inn i 1960-åra, mellom anna med kjenningsmelodien til filmen Hush, Hush, Sweet Charlotte i 1965. Ho stoppa stort sett å spele inn musikk i 1968, men fortsette å syngje fram til 1990-åra.

Patti Page døydde 1. januar 2013 på ein eldreheim i Encinitas i California, 85 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bush, John. «Patti Page biography». Allmusic. Henta 31. januar 2018. 
  2. «Patti Page was a 'Singing Rage' in a phenomenal six-decade career». South Coast Today. February 17, 1999. Henta 31. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Patti Page