Paul Landers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Landers
Paul Landers 2011.jpg
Fødd 9. desember 1964
Treptow-Köpenick
Yrke gitarist, musikar, komponist, songtekstforfattar
Paul Landers på Commons

Paul H. Landers (fødd 9. desember 1964 i Berlin) er ein tysk musikar og medlem av Rammstein.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Paul H. Landers blei fødd i Ukraina, men foreldra flytta til Berlin då Paul var 3 månader gammal. Foreldra hans jobba begge som lærarar, men blei skilde då han var barn. Paul hadde eit dårleg forhold til far sin og flytta heimanfrå allereie som 16-åring.

Paul lærte først å spele klaver og fiolin til han kasta seg over gitaren. Han blei utdanna bibliotekar som alibi for å kunne bruke tid på å spele gitar.