Paul Stang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Stang
Paul Stang - Self-portrait.jpg
Sjølvportrett
Fødd 1888
Død

1923

Nasjonalitet Norsk
Felt Fotograf
Yrke fotograf

Paul Stang (18881923) var ein norsk fotograf frå Stongfjorden. Han starta å arbeide som fotograf i 1906, to år før aluminiumsfabrikken i Stongfjorden, den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia, starta drifta.[1] Paul Stang arbeidde sjølv ved aluminiumsfabrikken frå 1908 til han døydde i 1923, og i fotosamlinga han etterlet seg har han blant anna dokumentert starten og framvoksteren av industrisamfunnet i Stongfjorden.[2]

Med unntak av perioden frå 1910 til 1914, då han budde i USA, var Paul Stang ein aktiv lokalfotograf som har dokumentert både industriutvikling, lokalgeografi, skikkar og tradisjonar, menneske og kvardagsliv i Stongfjorden. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har 800 bilete etter Stang.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gaute Losnegård (2001) Det store hamskiftet i Stongfjorden. Kulturhistorisk leksikon.
  2. "Paul Stang" NRK Fylkesleksikon, Kjende personar.
  3. "Paul Stang" Preus Museum, Registre over norske fotografer og fotografiske samlinger.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]