Fylkesarkivet i Vestland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°10′53″ N 6°51′16″ E

Fylkesarkivet i Vestland
Logo for Fylkesarkivet i Vestland.jpg
Skipa1983
HovudkontorAskedalen 2, 6863 Leikanger
FylkesarkivarArnt Ola Fidjestøl
VerkeområdeVestland
EigarskapVestland fylkeskommune
Nettstadhttps://www.fylkesarkivet.no

Fylkesarkivet i Vestland tek vare på og formidlar arkiv- og kjeldemateriale frå Vestland fylke. Arkivet samarbeider tett med kommunar og har ulike fysiske og digitale publikumstenester. Frå 1.1.2020 vart Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane slått saman med Hordaland fylkesarkiv og desse utgjer seksjon for arkiv i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylke.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Arnt Ola Fidjestøl er leiar for dei tilsette.

Seksjonen har kontor på fylkeshusa på Leikanger i Sogndal kommune og på Sandsli i Bergen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta som ei prøveordning av Sogn og Fjordane fylkeskommune 1. desember 1983. I 1986 vart institusjonen etablert som ei fast ordning. Fylkesarkivet samlar inn, ordnar og formidlar kommunale arkiv, fylkeskommunale arkiv og privatarkiv, foto, levande bilete, lyd, musikk, stadnamn og litteratur. Dei første åra leigde arkivet lokale hjå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. I 1990 flytta arkivet inn i det nye bygget til Sogn og Fjordane fylkeskommuneHermansverk i Leikanger kommune.

Fylkesarkivarar[endre | endre wikiteksten]

Fylkeskommunale og kommunale arkiv[endre | endre wikiteksten]

Kommunearkivordninga til Fylkesarkivet vart oppretta i 1985. Fylkesarkivet gjorde avtalar med kommunane om arkivtenester. Dei første 5 åra vart arbeidet med eldre arkivmateriale prioritert. Dei første arkivarane som jobba med kommunale arkiv var Hermund Kleppa og Bjørn Bering.

Kommunearkivordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om arkivfagleg kompetanse og tenester. Det faglege ansvaret omfattar arkiv frå den tida kommunane vart oppretta i 1837 og fram til i dag. Dei viktigaste oppgåvene er:

  • Formidling av arkiv, kilder og historie
  • Depottenester
  • Arkivdanning
  • Personmateriale
  • Elektroniske arkiv

Møtebokregisteret[endre | endre wikiteksten]

Møtebokregisteret er eit saksregister til møtebøker for kommunestyre og formannskap frå 1837 og fram til rundt 1930. Dei digitaliserte møtebøkene er lenka opp mot saksregisteret slik at ein kan lesa dei aktuelle sakene. Dei fleste møtebøkene fram til 1964 er tilgjengelege på nett, men ikkje alle har saksregister. Det vert jobba med å få på plass eit nytt digitalt søk i møtebokregisteret.

Privatarkiv[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet har som mål å kartlegge, samle inn, bevare og formidle viktige privatarkiv i Vestland. Privatarkiv er eit viktig supplement til offentlege arkiv. Fylkesarkivet har ei stor samling av privatarkiv etter lag, organisasjonar, foreiningar, bedrifter, politiske parti med meir. Fylkesarkivet har registrert og kartlagt arkiv etter lag og organisasjonar i fylket og har oppretta ein base med om lag 6000 lag/organisasjonar.

Foto[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet skal ta vare på foto som har verdi som dokumentasjon og kjelde. Dette arbeidet starta i 1986 med Ragnar Albertsen som den fyrste fotoarkivar ved arkivet. Kring 1995 starta arbeidet med å digitalisere fotosamlingane og på slutten av 1990-tallet vart dei fyrste bileta tilgjengelege på nettet. Fylkesarkivet har ei omfattende samling med eldre foto. Fylkesarkivet publiserer også ein del på bilettenesta Flickr under brukarnamnet /fylkesarkiv/.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av musikk - og dansetradisjoner i Vestland. Samlinga inneheld om lag 15.000 opptak. Det meste av materialet er folkemusikk samla inn av arkivet eller andre.

Video[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet har ei stor samling film, video og lydopptak. Ein del av materialet er intervju med eldre folk i fylket.

Stadnamn[endre | endre wikiteksten]

Første større prosjektet til arkivet var innsamling av stadnamn. Dette vart i hovudsak gjennomført 1985 og 1986 og omfatta alle dei 26 kommunane i fylket. Prosjektleiarar vart engasjerte i alle kommunane, og i houdsak løna av sysselsetjingsmidlar. Kring 250.000 stadnamn vart kartfesta, listeførte og uttalen teken opp på band. Dei fleste gardar og bruk i kommunane vart vitja. 1985 starta og arbeidet med å registera namna i ein database slik at dei etter kvart kunne verta søkbare. Alle stadnamna er kartfesta og uttalen av alle namna er teke opp på band. Alle stadnamna er tilgjengelege på Fylkesatlas for Sogn og Fjordane.

Kyrkjebøker og folketeljingar[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet starta arbeidet med å registrere personar i kyrkjebøker, emigrantlister og folketeljingar på slutten av 1980-tallet. I dag er dette tilgjengeleg på heimesidene til Riksarkivet.

Kulturhistorisk leksikon[endre | endre wikiteksten]

Kulturhistorisk leksikon for Sogn og Fjordane er ein database med artiklar om historie, kulturminner, personar, hendingar, bedrifter og mer. Dei fleste artiklane er produserte av tilsette ved Fylkesarkivet, men mange andre har også bidere med tekstar. Dei fleste artiklane er kartfesta.

Fylkesatlas[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet har kartfest eller georeferert mykje materiale og dei ulike kartlagea er tilgjengeleg på den digitale tenesta Fylkesatlas.no.

Lesesalen[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet sin lesesal er open for alle tysdag til fredag mellom kl. 09.00 og kl. 15.00. Redusert opningstid i samband med feriar og høgtider vert annonsert på fylkesarkivet.no. Studentar, skuleelevar, lokalhistorieinteresserte, forskarar og andre kan besøke lesesalen og arbeide med relevant materiale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Aktuelle rapportar og tenester om stadnamn