Paulo Wanchope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paulo Wanchope
Paulo Wanchope 2007 2.jpg
Fullt namn Paulo César Wanchope Watson
Fødd 31. juli 1976
Heredia
Høgd 193 cm
Posisjon Spiss
Ungdomsklubb
Costa Rica Herediano
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1994-96
1996-99
1999-2000
2000-04
2004-05
2005
2006
2006
2007
2007
Costa Rica Herediano
Flag of England.svg Derby County
Flag of England.svg West Ham United
Flag of England.svg Manchester City
Spania Málaga
Flagget til Qatar Al-Gharrafa
Costa Rica Herediano
Argentina Rosario Central
Japan FC Tokyo
USA Chicago Fire
-
66 (0)
35 (12)
64 (27)
25 (6)
6 (2)
10 (3)
14 (6)
12 (2)
12 (2)
Landslag
1996-2008 Costa Rica Costa Rica 73 (45)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Paulo César Wanchope Watson (fødd 31. juli 1976 i Heredia) er ein costaricansk tidlegare fotballspelar og fotballtrenar. Han la opp i november 2007. I 2008-2009 trente han gamleklubben Herediano i Costa Rica. Per 5. juni 2006 var han den som hadde scora flest landslagsmål gjennom tidene for Costa Rica - 43 mål på 67 landskampar.

I ungdommen spelte Wanchope og basketball, men fotball vart til slutt viktigast. Han starta fotballkarrieren sin hjå Club Sport Herediano før han reiste til England for å spela for Derby County i 1997. Der scora han i debuten, mot Manchester United. Etter 79 kampar og 28 mål for Derby County vart Wanchope seld til West Ham United. Han vart aldri ein stor suksess i West Ham, trass i å ha scora 15 mål på 46 kampar, og vart til slutt seld vidare til Manchester City. Der vart han fast på laget og var med på å føra laget til opprykk til Premier League. Wanchope vart i England rekna som ein spanande spelar som likevel vart litt av ein skuffelse grunna for ujamne opptredenar.

Etter 2003/04-sesongen vart Wanchope seld til den spanske klubben Málaga CF for £500,000.

Wanchope har vore enormt viktig for Costa Rica sitt fotballandslag. Han spelte for laget i fotball-VM 2002 og fleire gonger i CONCACAF gold cup. 8. oktober 2005 vart Wanchope mest-scorande nokonsinne for Los Ticos, då han scora det første målet i ein heimesiger over USA i kvalifiseringa til fotball-VM 2006. Han er den mest kjende costaricanske fotballspelaren internasjonalt gjennom tidene.