Luis Marín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luis Marín
Luis Marín.png
Fullt namn Luis Antonio Marín Murillo
Fødd 10. august 1974
San José i Costa Rica
Høgd 180 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Alajuelense
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1992-93
1993-98
1998-99
1999
2000-06
2006-09
2009-
Costa Rica Carmelita
Costa Rica Alajuelense
Costa Rica USAC FC
Uruguay River Plate
Costa Rica Alajuelense
Israel Maccabi Netanya
Costa Rica Alajuelense
-
-
-
6 (0)
222 (8)
94 (2)
26 (1)
Landslag
1993-2009 Costa Rica Costa Rica 130 (5)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Luis Antonio Marín Murillo (fødd 10. august 1974 i San José) er ein costaricansk fotballspelar.

Marín spelte i 1992 for første gong i costaricansk førstedivisjon for AD Carmelita. Etter at han gjekk over til LD Alajuelense i 1993 har han der vore fast inventar i midtforsvaret. Han har så langt vunne sju meisterskap med Alajuelense og vann i 2004 CONCACAF Champions Cup.

Frå 23. juni 1993 spelte han òg for det costaricanske landslaget, og er den spelaren som har flest landskampar for Costa Rica, med 118 kampar. Han var den mest erfarne spelaren i troppen til Costa Rica under VM i 2002, og var igjen med i VM i 2006, som landslagskaptein. Han la opp på landslaget etter den mislykka VM-kvalifiseringa før fotball-VM i 2010.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Klubbar

  • AD Carmelita (til 1993)
  • LD Alajuelense (1993 til 1998)
  • Universidad de San Carlos (Guatemala, 1998)
  • CA River Plate Montevideo (1998/99)
  • LD Alajuelense (sidan 1999)

Kampar (pr 26. Mai 2006)

  • 118 kampar for det costaricanske landsklaget (5 mål)

Merittar

  • CONCACAF-Champions-Cup-siger: 2004 (LD Alajuelense)
  • Costaricansk meister: 1996, 1997, 2000, 2001, 2002, 2003, 2005 (LD Alajuelense)