Ancona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ancona
Hamna i Ancona
Hamna i Ancona
Hamna i Ancona
Plassering
Ancona is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Marche
Ancona
Borgarmeister Fabio Sturani
Geografi
Flatevidd
 - By

123 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

101 909
  816/km²
Koordinatar 43°37′″N 13°31′″EKoordinatar: 43°37′″N 13°31′″E
Høgd over havet 20 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 60100
Telefon-retningsnummer 071
Nettstad: www.comune.ancona.it

Ancona er ein hamneby ved Adriahavet i Italia. Han er hovudstad i provinsen Ancona i regionen Marche og har om lag 100 000 innbyggjarar.

Byen ligg 210 km nordaust for Roma og 200 km søraust Bologna.

Byen ligg fint til mellom dei høgdene Monte Conero, Monte Astagno, der festninga ligg, og Monte Guasco, der Duomo står (150 m).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ancona vart grunnlagd som ein koloni frå Siracusa om lag 390 fvt.. Greske handelsmenn grunnla ein djupfiolett fabrikk her. I romartida prega byen sine eigne myntar med ein bøygd arm som heldt ei palmegrein som motiv på eine sida og hovudet til Afrodite på den andre. Gresk vart nytta som språk òg i romartida.

Kortid han vart ein romersk koloni er uvisst. Han vart okkupert som ein marinebase under illyrarkrigen i 178 fvt.(Livius xli. i). Julius Cæsar tok byen like etter han hadde kryssa Rubicon. Hamna var særs viktig under Romarriket sidan han låg nærast Dalmatia. Hamna vart bygd ut av Trajan, som bygde nordkaien teikna av den syriske arkitekten Apollodorus av Damaskus. Inst på kaien står ein triumfboge av marmor som vart reist i år 115 av senatet og folket.

Etter Vestromarriket sitt fall vart Ancona plyndra av gotarar, langobardar og sarasenarar, men kom seg alltid tilbake og var ein viktig by i området. Han var ein av byen som høyrte til Pentapolis under eksarkatet Ravenna[1]. Då Karl den store erobra Nord-Italia vart han hovudstad i Marca di Ancona, som så gav namn til den moderne regionen, Marche. Etter år 1000 vart Ancona meir og meir sjølvstendig og vart etter kvart ein viktig maritim republikk (i lag med Gaeta, Trani og Ragusa). Han var ofte i strid med nabostormakta Republikken Venezia. Som ein oligarkisk republikk vart Ancona styrt av seks Eldre, som vart vald av tre terzieri, S. Pietro, Porto og Capodimonte, som byen var delt inn i. Byen prega framleis sine eigne myntar, kalla agontano, og hadde ei rekkje eigne lover kalla Statuti del mare e del Terzenale og Statuti della Dogana. Ancona var vanlegvis alliert med Ragusa og Austromarriket. I 1137, 1167 og 1174 var han mektig nok til å slå tilbake åtak frå keisaren av Det tysk-romerske riket sine styrkar. Skip frå Ancona tok del i krosstoga og av kjende sjømenn frå denne tida finn ein Ciriaco de' Pizzicolli. I striden mellom paveane og keisarane i Italia på 1100-talet og framover var Ancona på guelfarane si side.

I motsetnad til dei andre byane i Nord-Italia vart aldri Ancona ein seignory. Det einaste unntaket var styret til Malatesta, som tok byen i 1348 etter svartedauden og ein bybrann hadde øydelagd store delar av byen. Malatesta-familien vart kasta ut i 1383. I 1532 mista Ancona fridomen sin og vart ein del av Kyrkjestaten under pave Klemens VII. Symbolet til pavemakta var den massive festninga. I lag med Roma og Avignon var Ancona den einaste byen i Kyrkjestaten der jødar fekk lov å bu etter 1569. Dei heldt til i ein getto bygd etter 1555.

Pave Klemens XII bygde ut kaien og ei mindre utgåve av bogen til Trajan vart sett opp. Han reiste òg ein Lazaretto i sørenden av hamna. Luigi Vanvitelli var sjefsarkitekt. Den sørlege kaien vart bygd i 1880 og hamna var verna av fortet på høgda ovanfor.

Frå 1797 og fram over, då franskmennene tok byen, var festninga i Ancona viktig, fram til Christophe Léon Louis Juchault de Lamoricière kapitulerte her 29. september 1860, elleve dagar etter nederlaget hans i Castelfidardo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dei andre fire var Fano, Pesaro, Senigallia og Rimini

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ancona