Pavlovo Posad-sjal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pavlovo Posad-sjal

Pavlovo Posad-sjal (russisk Павловопосадский платок), Pavlovsky-sjal eller Povlovo Posad-skjerf er eit tradisjonelt russisk klede og handarbeid. Det blir ofte brukt saman med andre tradisjonelle russiske klede.

Ullsjal kom på mote i Russland på byrjinga av 1800-talet. Dei fyrste sjala hadde vovne mønster, men frå midten av hundreåret byrja ein laga billigare sjal med trykka mønster. Ein fabrikk i småbyen Pavlovsky Posad i Moskva oblast fekk ei leiande rolle, og er i dag den einaste gjenverande sjalfabrikken i Russland.[1]

Bakgrunnsfargen på desse sjala er ofte svart. Deretter er det pynta med store og små blomemotiv i fleire fargar. Den viktigaste dekorasjonsfargen er raudt, ettersom fargen har tydinga 'vakker' i russisk kultur. Orientalske og tyrkiske ornament har også vore populære.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pavlovsky Posad shawls». www.artrusse.ca. Henta 3. oktober 2021. 
  2. Tat'jana., Razina (1990). Die Volkskunst der Sowjetunion. Čerkasova, Natalija., Kancedikas, Aleksandr. Köln: DuMont-Buchverl. ISBN 3770121961. OCLC 46072753.