Paweł Wojciechowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paweł Wojciechowski i 2011

Paweł Wojciechowski (født 6. juni 1989) er ein polsk friidrettsutøvar frå Bydgoszcz som tevlar i stavhopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 2011 og tok sølvmedaljen i friidretts-EM 2014.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wojciechowski hadde stor framgong gjennom 2011-sesongen. Innandørs svinga han seg over 5,86 m i belgiske Gent, og om sommaren vann han stavhopp i den europeiske ungdomsmeisterskapen i Ostrava med ny personleg rekord (utandørs) på 5,70 m. Den 15. august sette han polsk rekord då han i Szczecin tok seg over 5,91 m. To veker seinare overraska han stort og vann gullmedaljen då VM-finalen i stavhopp fann stad i Daegu, berre to dagar etter at han ikkje klarte kvalifiseringsgrensa 5,65 m, men likevel fekk finaleplass.

I Sommar-OL 2012 rauk Wojciechowski ut or stavtevlinga då han ikkje makta kvalifiseringskravet. Han deltok ikkje i Moskva-VM 2013, men lukkast vinne EM-sølv på moderate 5,70 m under EM i friidrett 2014 i Zürich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]