Szczecin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Szczecin
Oder i Szczecin
Oder i Szczecin
Flagget til Szczecin Byvåpenet til Szczecin
Flagget til Szczecin Byvåpenet til Szczecin
Motto
«Szczecin jest otwarty»
(Szczecin er open)
Plassering
Szczecin is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Vestpommerske
Grunnlagd
Byrettar
700-talet
1243
Borgarmeister Piotr Krzystek
Geografi
Flatevidd
 - By

301 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

410 809
  1365/km²
777 000
Koordinatar 53°25′0″N 14°35′0″EKoordinatar: 53°25′0″N 14°35′0″E
Diverse annan informasjon
Postnummer PL-70-017
til 71-871
Telefon-retningsnummer +48 91
Bilnummer ZS
Nettstad: www.szczecin.pl


Szczecin (tysk Stettin, kasjubisk Sztetëno; latinsk Stetinum) er ein by i Polen og hovudstaden i Vestpommerske voivodskap. Han er den sjuande største byen i landet og har den største hamna ved Austersjøen. Byen har om lag 410 000 innbyggjarar.

Szczecin ligg ved elva Oder, sør for Stettiner Haff og Pommernbukta. Byen ligg langs sørvestsida av Dąbiesjøen, på begge sider av Oder, og på fleire større øyar mellom den vestlege og den austlege greina av elva.

Szczecin grensar til Police - ein mindre by ved Oder.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamna i 1910

Byen var i byrjinga hovudsenteret for ei lita vestslavisk stamme som budde mellom hovudgreinene til elvane Oder og Randów. Det er ikkje sikkert om stammen var pommersk eller polabisk. Det er truleg at Mieszko I, som i åra 967-972 erobra Pommern, òg tok kontroll over Szczecin og Wolin. I andre halvdel av 1100-talet slo ei gruppe tyske handelsmenn seg ned i byen, som i 1268 fekk Magdeburgrettar. På den tida var tyskarane den største folkegruppa i byen, medan den slaviske folkesetnaden minka.

Byen vart medlem av Hansaen i 1278, og vart frå 1309 til 1630-åra styrt av det slaviske Gryf-dynastiet. Utover på 1630-talet var byen med omkringliggjande område vorte fullstendig germanisert. Etter at Gryf-dynastiet døydde ut, kom byen under Sverige som hovudstad i Svensk Pommern frå 1648 til 1720, og vart så ein del av Kongedømet Preussen i 1720, og utvikla seg til å verte den tredje største hamnebyen i Det tyske keisardømet.

Under andre verdskrigen vart byen sterkt råka av dei allierte sine bombetokt og kampar mellom tyske og sovjetiske troppar. Innbyggjarane flykta frå byen før han vart erobra av den raude arméen i 1945. Det var usikkert om byen skulle vere ein del av Tyskland eller verte innlemma i Polen, men vart til slutt polsk i 1946. Ein stor del av den tyske folkesetnaden som kom tilbake til byen etter krigen vart deportert tidleg på 1950-talet. Polakkar som hadde vorte forvist frå tidlegare polske område som vart annektert av Sovjetunionen tok over heimane deira.

Personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]