Peder Reinhardt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Reinhardt
Fødd 19. mars 1836
Død

6. februar 1908

Yrke politikar

Peder Ferdinand Reinhardt (19. mars 18366. februar 1908) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Kristiansand.

Han var son til den rike forretningsmannen O. C. Reinhardt i Kristiansand. I yngre år gjekk han handelsakademiet i Lübeck. Han overtok handelshuset etter far sin, med skipsverft, reiarlag, dampskipsekspedisjon, kolimport mm. I fleire år var han formann i børskomiteen i byen, og i handelsforeininga. Reinhardt var medlem av bystyret 1871-1904, ordførar i 1874.

Reinhardt vart vald til 1. representant for heimbyen på Stortinget 1877-1882, møtte ikkje i 1882, og 2. representant 1889-91. Heile tida på tinget var han medlem av jarnbanekomiteen. Han var medlem av mellomrikskommisjonen av 1889.

Han døydde i heimbyen 1908.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]