Peeter Kümmel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peeter Kümmel
Peeter Kümmel.jpg
Fødd 11. april 1982
Tartu
Yrke langrennsløpar, fotballspelar
Peeter Kümmel på Commons
Peeter Kümmel under sprinten i Praha i Tour de Ski 2007/08.

Peeter Kümmel (fødd 11. april 1982 i Tartu) er ein estisk langrennsløpar. Han bur på skistaden Otepää og representerer skiklubben Tartu Skiclub. Han har styrken sin i sprint.

Kümmel debuterte i verdscupen den 12. januar 2003 på 30 km klassisk, fellesstart på heimebane i Otepää. Til no har han ikkje teke verdscuppoeng i distanserenn, men han har tre topp-ti plasseringar i sprint. I tillegg har han ein tiandeplass på sprinten i Verdenscupfinalen i langrenn 2008/09.

Han var med på sprinten i OL i Torino i 2006, og vart nummer 38. Under VM i Sapporo i 2007 tok han åttandeplass på sprintstafetten saman med Priit Narusk. Den beste sesongen til Kümmel i verdscupen samanlagt var sesongen 2007/08, då han vart nummer 25 i sprintcupen og nummer 51 i samanlagtverdscupen. Det beste resultatet hans i verdscupen er ein femteplass frå sprinten i Otepää same sesong. Under VM i Liberec i 2009 fekk han det til no beste individuelle resultatet sitt i VM-samanheng, ein 25. plass på sprinten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]