Pekka Haavisto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pekka Haavisto

Pekka Olavi Haavisto (fødd 23. mars 1958 i Helsingfors) er ein finsk politikar for Gröna förbundet. Han var medlem av Riksdagen frå 1987 til 1995 og er frå 2007 på nytt riksdagsmann. Haavisto var frå 1995 til 1999 miljøminister og minister i utenriksdepartementet i regjeringa Lipponen I. Han var frå 1993 til 1995 partileiar i Gröna förbundet og var frå 2000 til 2006 leier i Det europeiske grøne partiet.

Haavisto har arbeidd for SN og SNs miljøprogram (UNDP). Frå 2005 til 2007 var han EUs spesialrepresentant for Sudan og Darfur, og deretter var han SN-rådgjevar for fredsprosessen i Darfur.

I 2012 stilte Haavisto til presidentvalet i Finland. Han kom på andreplass med 18,8 % av røystene i første runde og gjekk vidare til andre valomgang.[1] I den avgjerande valomgangen tapte han for Sauli Niinistö.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.
  2. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]