Sauli Väinämö Niinistö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sauli Väinämö Niinistö
Sauli Niinistö.jpg
Finlands president
Regjeringstid 2012–-
Fødd 24. august 1948

Sauli Väinämö Niinistö (fødd 24. august 1948) er ein finsk jurist, bankdirektør og politikar frå Samlingspartiet. 1. mars 2012 er blei han president av Finland.[1]

Niinistö har tidlegare vore Riksdagens talmann, og president i Finlands fotballforbund. Han har vore justisminister, finansminister og visestatsminister i regjeringane til Paavo Lipponen.[2]

Ved presidentvalet i Finland i 2006 vart Niinistö nummer to med 24,06 % av røystene i første valomgang. I andre valomgang møtte han Finlands sittande president Tarja Halonen. Han fekk då 48,2 % av røystene, mens Halonen fekk 51,8 %. Niinistö stilte på nytt ved presidentvalet i 2012, kom på førsteplass med 37 % av røystene i første runde og gjekk vidare til andre valomgang.[3] I andre valomgang, 5. februar, fekk han 62,6 % av røystene, og vart dermed vald til Finlands neste president.[4]

Niinistö var gift med Marja-Leena Niinistö, som døydde i ei bilulukke i 1995.[5] I januar 2009 gifta han seg med Jenni Haukio.[6]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Halonen gav över till Niinistö », yle, 1. mars 2012.
  2. «Uppgifter om ministern», oversikt over regjeringsdeltaking frå Statsrådet.
  3. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.
  4. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.
  5. «Favoriten och uppstickaren», Svenska Dagbladet, 30. januar 2012.
  6. «Sauli Niinistö gifte sig», Vasabladet, 5. januar 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]