Pelle Politibil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå filmen Pelle Politibil.
Pelle Politibil.
Pelle Politibil framfor Salten politistasjonen i Bodø (2016)

Pelle Politibil er ein oppdikta snakkande politibil. Han har form som ei svart og kvit folkevognboble med auge på frontlyktene. Det finst fleire radio- og fjernsynsprogram og filmar om han. Figuren blei opphavleg skapt av politimannen Åge Magnussen i Bodø på midten av 1980-talet som eit ledd i trafikktryggingsarbeidet for barn.

Pelle Politibil hadde sin første opptreden i Barnetimen for de minste på NRK radio i 1986. Figuren var med i tre sesongar på radio og to bokutgjevingar.

Fjernsynsserien om bilen gjekk på NRK frå 1993. Serien er regissert av Svein Aronsen. Skaparen av Pelle Politibil, Åge Magnussen spelar rolla som politimannen «Onkel Rikhard», og Lars Andreas Larsen er forteljar og har stemma til Pelle.[1] Songen om Pelle Politibil, Pelle-sangen, blei framført av Lennart Mårli og Steinar Toftesund. Han blei ein populær kjenningsmelodi for serien.

Den første filmen om politibilen, Pelle Politibil, blei laga i 2002. Seinare følgde Pelle Politibil går i vannet og Pelle Politibil på sporet. Sistnemnde vann Amandaprisen for beste barne- og ungdomsfilm i 2013.[2]

Pelle Politibil har også turnert landet rundt med ei førestilling som er sett av over 100 000 barn og vaksne. Bilen frå TV-serien har seinare blitt brukt i trafikkinformasjon for barnehagebarn.[3]

Det er også blitt laga eit Gullstikka-nominert spel, leiketøy og andre kommersielle spin off-produkt med figuren.

Film og TV-produksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK TV - Pelle politibil, www.nrk.no, henta 11. november 2016 
  2. «Amandaprisen», Store norske leksikon, henta 11. november 2016 
  3. «Møt Pelle Politibil», www.bodo.no, arkivert frå originalen 27. september 2016, henta 11. november 2016