Penelope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Penelope

Opptrer iOdysseen, Galskapen til Odyssevs
Andre namnPenelopeia
MorPeriboia, Polykaste
FarIkarios av Sparta
EktefelleOdyssevs, Telegonos
BarnPoliportes, Italos, Arkesilaos, Telemakos

Penelope (gammalgresk Πηνελόπη, Pênelópê) eller Penelopeia (Πηνελόπεια, Pênelópeia)[1] er i gresk mytologi dotter til kongen av Sparta, Ikarios, og den trufaste kona til kongen av Itaka, helten Odyssevs,[2] som ho har ein son med, Telemakos. Ho dukkar opp i Odysseen,[3] Ho er kjent for å trufast ha venta på at Odyssevs skulle komma tilbake til heimøya Itaka etter eit tjue år langt fråvær (det tok ti år å kjempa i trojanarkrigen (Iliaden) og ytterlegare ti år for den spennande reisa heim (Odysseen).

Det langvarige fråværet av Odyssevs tiltrekte Penelope veldig mange belarar (114) som ønskte å gifta seg med henne for å gripa trona til Itaka. Femtito var frå Dulikion, tjuefire frå Samos, tjue frå Zakyntos og tolv frå Itaka. Til dette talet kjem tenarar, seks for belarar frå Dulikion, pluss herolden Medon og skalden («aoidos») Femios.[4]

Odyssevs og Penelope. Av Johann Heinrich Wilhelm Tischbein
Penelopeia og belarane, av John William Waterhouse (1912)

Som eit triks fortalde Penelope dei at ho ville velja ein ektemann blant dei på det einaste vilkåret at teppet ho førebudde var ferdig. For å forlenga ventetida og utsetja den skjebnesvangre avgjerda, losna ho vevnaden kvar kveld og starta det på nytt om dagen.

Etter tjue år, då enden av tolmodet deira var nådd, kravde belarane at Penelope skulle bestemma seg. Då kunngjorde Penelope ein konkurranse: Den som klarte å strenga bogen til mannen hennar og skyta ei pil gjennom eit dusin øksehovud skulle vinna handa hennar. Ingen ringare enn tiggaren, Odyssevs i forkleding, lykkast med det.[5]

Penelope kunne ikkje tru av Odyssevs var komen tilbake, og vart verande på rommet sitt for å sørga over han. Derfor ho var borte då Odyssevs vann bogekonkurransen, og såg heller ikkje den følgjande mnêstêrophonía, massakren på belarane der Odyssevs fekk hjelp frå sonen Telemakos, grisegjetaren Evmaios og  oksehyrdingen Filoitios under vern av gudinna Atene.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Homer kalla henne Pênelópeia, medan seinare forfattarar ville bruka Pênelópê som eit namn for henne.
  2. Homer, nynorsk omsett av Eirik Vandvik (1951). Iliaden. 998880213134702202. Oslo. 
  3. Homer, nynorsk omsett av Arne Garborg (1918). Odysseen. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). 
  4. Homerus (1918). Odyssevskvædet. no: Aschehoug. s. 7. 
  5. Tor-Ivar Krogsæter (31. mai 2018). «Penelope» (på norsk bokmål). SNL. Henta 11. september 2022. 
  6. Kleiva, Rønnaug (1996), Greske gudar og gudinner, Norske samlaget, ISBN 82-521-4651-1, OCLC 53794595, henta 13. september 2022 
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.