Pentapolitana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pentapolitana var ei byforbund av dei fem viktigaste ungarske frie kongelege byane i mellomalderen i det som i dag er det austlege Slovakia. Byane var Košice, Bardejov, Levoča, Prešov og Sabinov.

Det første møtet mellom representatane frå desse byane fann stad i 1412, men alliansen kom først i kraft mellom 1440 og 1445.

Hovudrolla til Pentapolitana var å kontrollere og utvikle handelen, sidan gamle handelsvegar kryssar regionen mellom byane. Den førande byen i Pentapolitana var Košice.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]