Per Bangsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Bangsund
Fødd 4. juni 1950
Død

1. november 2013

Per Bangsund (4. juni 19501. november 2013) var ein norsk forlagsmann, journalist, forfattar og politisk aktivist.[1]

Bangsund var aktiv i ml-rørsla, og var alt i gymnas-tida med på å starta SUF-lag i heimbyen Tromsø.

1970-talet arbeidde han i Oslo Sporvegar, og var tillitsmann i Oslo Sporveibetjenings Forening.[2] I 1978 byrja han som journalist i Klassekampen.[3] Der var han sentral i arbeidet med å avdekka og avsløra høyreekstreme, valdelege miljø i Noreg. Det var Bangsund som stod for kontakten mellom AKP(m-l) og politiet då partiet bidrog til å avsløra gjerningsmannen bak bombeattentatet mot Fagleg 1. maifronts tog i Oslo i 1979.

Først på 1980-talet hadde Bangsund gode kontaktar med Politiets tryggingsteneste, då han saman med kjende pressefolk som Geir Imset og Alf R. Jacobsen jobba med «gravejournalistikk» i Klassekampen.[4]

Etter tida i Klassekampen byrja Bangsund i Dagbladet, før han forlét journalistikken til fordel for forleggervirksomhet. Han arbeidde først i Tiden Norsk Forlag, før han gjekk over til Kagge Forlag der han vart forlagsredaktør. Seinare vart han sjefredaktør i forlaget Vigmostad & Bjørke.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Arvtakerne – nazisme i Norge etter krigen, Pax (1984)
  • Bare trøkk på... fem emner fra hundre års aktivitet (1894–1994). Om Oslo Sporveiers Arbeiderforening. Bidrag sammen med Hans Andreas Fristad, Mona Jakobsen og Øistein Hølleland. Redaktør: Paal Iversen (1994)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Bangsund er død fra Aftenposten
  2. Tron Øgrims «mappe» hos overvåkningpolitiet, dokument 47/4. Arbark.
  3. Alf Skjeseth: «Multitalent på spesialoppdrag», nekrolog i Klassekampen 8. november 2013.
  4. Alf Skjeseth: Sykle på vatnet. Historia om Klassekampen, side 87. Samlaget (2011) ISBN 978-82-521-7538-7