Per Kleppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Kleppe
Per Kleppe.jpg
Fødd 13. april 1923
Christiania
Yrke samfunnsøkonom, politikar, faglitterær forfattar
Per Kleppe på Commons

Per Andreas Hildhe Kleppe (fødd 13. april 1923 i Kristiania) er ein norsk sosialøkonom og politikar for Arbeidarpartiet. Han var statsråd i alle Arbeidarparti-regjeringane i 1970-åra, og var den lengstsitjande finansministeren på 1900-talet med seks år i departementet frå 1973 til 1979. Han var elles handels- og skipsfartsminister 1971–1972 og minister for samordna langtidsplanlegging 1980–1981.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Han var son av advokat Knut Sigurd Kleppe (daud 1980) og husmor Nathalie Mathilde Andersen (daud 1973). Per Kleppe var frå 1951 gift med den svenskfødte redaktøren Margaretha Ström (daud 1997). Hans bror, Fartein Simling Kleppe, fall i kampar ved Kaprolat-høgda[1] i Karelen i juni 1944. Levningene etter broren vart funne og identifisert sommaren 2009, og gravlagt frå Ris kyrkje i Oslo.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på Per Kleppe i Wikipedia på bokmål, utgåva frå 5. desember 2018
  1. Etter 66 år fikk Per Kleppe begravet broren sin. Dagbladet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]