EFTA
Det europeiske frihandelsforbundet (engelsk European Free Trade Association, forkorta EFTA) blei oppretta i 1960. I dag er Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits medlemar, og generalsekretæren er Kåre Bryn frå Noreg.
Det opphavlege grunnlaget for EFTA var Stockholmkonvensjonen som berre omhandla frihandel. Noreg og Sveits var med og skipa frihandelsforbundet saman med Storbritannia, Danmark, Sverige, Austerrike og Portugal. Den 21. juni 2001 underskreiv dei fire siste EFTA-landa Vaduzkonvensjonen som er grunnlaget for samarbeid på ei lang rekkje område.
Offisielt har EFTA berre eit organ. Det er Rådet som kjem saman på ministernivå to gonger i året og på ambassadørnivå omtrent kvar fjortande dag. Alt som blir sagt i Rådet blir nedskrive ord for ord. Men EFTA har også mange uformelle styringsorgan. «Deputies» står for den verkelege styringa av arbeidet i Geneve og kjem saman nesten dagleg når det er som mest travelt i førebuingar til ministermøta. I Brüssel har «Den faste komite» om lag dei same oppgåvene, men då i forhold til EU-samarbeidet.
EFTA-sekretariatet har ingen rett til å gjera vedtak. Det blir leia av ein generalsekretær. EFTA-domstolen er i motsetnad til EFTA ein internasjonal organisasjon. Domstolen har domsmyndigheit over Noreg, Island og Liechtenstein.
Medlemmar[endre | endre wikiteksten]
Periode | Land | |
---|---|---|
1 | 1960–1973 | ![]() |
2 | 1960–1973 | ![]() |
3 | 1960–1986 | ![]() |
4 | 1960–1995 | ![]() |
5 | 1960–1995 | ![]() |
6 | 1986–1995 | ![]() |
7 | 1960– | ![]() |
8 | 1960– | ![]() |
9 | 1970– | ![]() |
10 | 1991– | ![]() |
Internasjonale frihandelsavtaler[1][endre | endre wikiteksten]
Periode | Land | Merknad |
---|---|---|
1979–1986 | ![]() |
|
1992–2004 | ![]() |
![]() |
1993–2004 | ![]() |
|
1993–2007 | ![]() |
|
1995–2004 | ![]() |
|
1991– | ![]() |
|
1992– | ![]() |
![]() |
1999– | ![]() |
|
2001– | ![]() |
|
2002– | ![]() |
|
2003– | ![]() |
|
2004– | ![]() |
|
2005– | ![]() |
|
2006– | ![]() |
|
2007– | ![]() |
|
2008– | Tollunionen i Det sørlege Afrika (dei fem landa |
|
2009– | ![]() |
|
2010– | ![]() Golfrådet |
Generalsekretærar[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Periode | Namn | Land |
---|---|---|---|
1. | 1960–1965 | Sir Frank Edward Figgures | ![]() |
2. | 1965–1972 | Sir John Coulson | ![]() |
3. | 1972–1975 | Bengt Rabaeus | ![]() |
4. | 1976–1981 | Charles Müller | ![]() |
5. | 1981–1988 | Per Kleppe | ![]() |
6. | 1988–1994 | Georg Reisch | ![]() |
7. | 1994–2000 | Kjartan Jóhannsson | ![]() |
8. | 2000–2006 | William Rossier | ![]() |
9. | 2006–2012 | Kåre Bryn | ![]() |
10. | 2012– | Kristinn F. Árnason | ![]() |