Hopp til innhald

Per Petterson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Petterson

NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd18. juli 1952 (73 år)
i Oslo
YrkeForfattar
Periode1987-
PrisarNordisk råds litteraturpris 2009
DebutAske i munnen, sand i skoa
Per Petterson på Commons

Per Petterson (fødd 18. juli 1952 Veitvet)[1] er ein norsk forfattar.

Per Petterson er utdanna bibliotekar og arbeidde i fleire år i Tronsmo bokhandel i Oslo. Forfattardebuten kom i 1987 med novellesamlinga Aske i munnen, sand i skoa, som vart vel motteken av kritikarane, det har også dei seinare bøkene vorte, og dei har òg funne mange lesarar. Det verkeleg store gjennombrotet kom likevel først med romanen «Ut og stjæle hester» frå 2003, ein roman om forholdet mellom far og son, og om svik.

Bøkene hans er omsette til mellom anna dansk, svensk, engelsk, nederlandsk, tysk og litauisk. Han bur på Hemnes i Høland.

  • 1987 Aske i munnen, sand i skoa, novellesamling
  • 1989 Ekkoland, roman
  • 1992 Det er greit for meg, roman
  • 1996 Til Sibir, roman
  • 2000 I kjølvannet, roman
  • 2003 Ut og stjæle hester, roman
  • 2004 Månen over porten, essaysamling
  • 2008 Jeg forbanner tidens elv, roman
  • 2012 Jeg nekter roman
  • 2018 Menn i min situasjon roman
  • 2021 Mitt Abruzzo. Journal 21.1-18.7.2021


  • 1987 John Fante: 1933 var et dårlig år, roman (Tronsmobok Forlag, Oslo)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Per Petterson (18.07.1952)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.
  2. ««Bokhandlerprisen til Per Petterson»». Nettstaden til Bokhandlerforeningen. Henta 18. februar 2013.
  3. ««Gyldendalprisen 2012 til Per Petterson»». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 21. mars 2013.
  4. «Aschehougprisen / Tidligere vinnere av Aschehougprisen». Aschehoug. Henta 5. september 2017.
  5. «Doblougska priset» (på svensk). Svenska Akademien. 24. mai 2016. Henta 6. september 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]