Petaliósbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Petaliósbukta (gresk Κόλπος Πεταλιών, Kólpos Petalión), er ei bukt som strekkjer seg frå Sør-Évvia-bukta nær Ajía Marína til Makrónisossundet ved den nordlege enden av øya Makrónisos. Ho har ei lengd på 50-60 km frå nord til sør og ei breidd frå aust til vest frå om lag 6-8 km i nord til 40-50 km i sør. Av øyar i bukta finn ein Stýra i nord og Megalónisos og Khersonísi i aust.

Fjella dominerer kring bukta i nordvest, i sør og i nordaust, medan Mesójasletta ligg i vest. Det går ferjesamband mellom Rafína og Kárystos og mellom Marmári og øya Kéa. Det ligg mange strender og hamner i bukta.

Stader i bukta[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunbsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]