Peter Blake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Blake
Fødd 1. oktober 1948
Auckland
Død

5. desember 2001
Macapá

Yrke idrettsutøvar
Peter Blake på Commons

Sir Peter James Blake (1. oktober 19486. desember 2001) var ein newzealandsk profesjonell seglar som vann America's Cup i 1995 og igjen i året 2000. Blake vann òg 1989/90-utgåva av Whitbread Round the World Race med båten Steinlager 2. I 1995 vart Peter blake unemnd til Knight Commander. Han fekk også eit æresdoktorat ved Auckland University of Technology i år 2000.

Under ein ekspedisjon for FN utanfor Brasil i 2001, vart Blake skoten og drepen av piratar som borda skipet Seamaster. To av mannskapet i båten vart såra. Brasiliansk rett dømde dei brasilske piratane til mellom 20 og 30 år i fengsel.[1]

Den 23. oktober 2002 vart Blake tildelt Den olympiske orden posthumt av den internasjonale olympiske komité. [2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]