Peter Bull
Utsjånad
| Peter Bull | |||
| Fødd | 14. oktober 1765 Kristiansund | ||
|---|---|---|---|
| Død | 4. oktober 1843 (77 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | embetsperson, politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Peter Ludvig Munthe Bull (14. oktober 1765–4. oktober 1843) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Bull var fødd i Kvernes på Nordmøre, der far hans var prest. Han tok norsk juridisk eksamen. Frå 1812 var han fut i Råbyggelaget, berre etter eit år der vart han fut i Strinda. Fut i Romsdal 1818-34.
Bull representerte Romsdals amt på Stortinget i 1818. Han var medlem av sju komitear, mellom anna formann i ein komite om kronings-insigniane og sekretær i protokollkomiteen. Også vald til stortingsmann for 1821, møtte ikkje. Han var då under tiltale for sin medverknad i ei sak vedkomande ein sorenskrivar, vart dømd til å betale mulkt og sakskostnader. Grunna sjukdom møtte han heller ikkje i 1822.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914