Peter Hjalmar Finnestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Hjalmar Finnestad
Fødd9. mai 1877
Rakkestad
Død3. juli 1961 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNasjonal Samling, Venstre

Peter Hjalmar Finnestad (9. mai 18773. juli 1961) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Rakkestad i Østfold. Han var mangeårig ordførar i Rakkestad og stortingsmann 1919-21 frå einmannskrinsen Tune, vald for partiet Venstre.

Finnestad tok eksamen ved jordbruksskolen på Kalnes i 1903. Han tok over garden Finnestad Nordre i 1915 og dreiv denne til høg alder.

I 1908 vart Finnestad vald inn i heradsstyret i Rakkestad, og var kommunemann samanhengande fram til andre verdskrigen. Då Degernes i 1917 vart skild ut som eige herad, vart Finnestad vald til ordførar i Rakkestad herad. Valperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Tune på Stortinget, der han var medlem i Justiskomiteen.

Ved kommunevalet hausten 1928 fekk Venstre einast tre representantar i Rakkestad, så Finnestad mista ordførarvervet. Ved seinare kommuneval stilte han på felleslister. Frå 1935 til -37 var han atter ordførar, deretter varaordførar til 1941.

Under Tysklands okkupasjon av Noreg melde Finnestad seg inn i Nasjonal Samling i oktober 1940, «for å hjelpe til med å sikre den kommunale forvaltning i bygden å forsøke å få norsk styre ellers i det lengste». Okkupasjonstida hadde han ulike verv både i og utanfor kommunen. Siste tida før kapitulasjonen i mai 1945 var han ordførar i Rakkestad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]