Peter Klodt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Klodt
Peter Clodt von Jürgensburg.jpg
Fødd 5. juni 1805
St. Petersburg
Død

20. november 1867
Storfyrstedømmet Finland

Yrke bilethoggar, kunstmålar

Peter Jakob Klodt von Jürgensburg (8. juni 180520. november 1867) var ein russisk bilethoggar. Han var ein kunstnar tsar Nikolaj I sette særleg stor pris på.

Triumfporten på Narvaplassen i St. Petersburg

Klodt var fødd i St. Petersburg, og stamma frå ein høgt akta tyskbaltisk familie. Han byrja sin livsveg som offiser ved artilleriet. På fritida dreiv han med bilethogging, og vitja kurs ved St. Petersburgs kunstakademi. Her synte han meisterskap i å framstille hestar, noko tsaren rosa han for. Nikolaj I skal ha ytra at Klodt lagar hestar vakrare enn alle mine premierte hingstar.

Den mest kjende gruppa av hestestatuar som Klodt laga, dei to Hestetemjarane, vart i året 1842 av tsar Nikolaj I skjenka kongen av Preussen, Fredrik Vilhelm IV. Denne stilte ut begge skulpturgruppene fram om byslottet i Berlin. I dag står dei framfor kammerretts-bygningen i Heinrich-von-Kleist-parken. År 1843 kom han med ei gjentaking av begge Hestetemjarane. Men fyrst i 1850 vart dei montert på Anitsjkov-brua i St. Petersburg. Desse er til denne dag halden i god stand. Likeså fekk kongen av Napoli kopiar av begge Hestetemjarane“, som sidan har stått på Piazza del Re.

Klodt laga også bronsestatuen Ivan Krylov (1855), i dag står ho i sommarhagen i St. Petersburg. Ho var den fyrste i sitt slag som i Russland vart reist til minne om ein diktar. Klodt samarbeidde med Vasilij Demut-Malinovskij då det vart laga minnesmerke over den heilage Vladimir i Kiev, og sameleis med statuane på Triumfporten på Narvaplassen i St. Petersburg.

Klodts siste minneverdige verk var ei avskjedshelsing til velgjeraren sin. Ei ryttarstatue av Nikolai I som vart plassert på Isaaksplassen. Statuen var den fyrste ryttarstatuen i heile verda med einast to støttepunkt, ettersom hesten var fanga i det han steilar og såleis einast står på bakbeina.

Klodt døydde i 1867 på landstaden sin i Finland. Sonen og særleg brorsonen Mikhail Klodt førte vidare dei kunstnariske familietradisjonane og vart kjende målarar gjennom Peredvizjnikij-rørsla.

Hestetemjarar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Peter Klodt