Ivan Krylov
| Ivan Krylov | |
| Pseudonym | Navi Volyrk |
| Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
| Fødd | 2. februar 1769 Moskva |
| Død |
9. november 1844 (75 år) |
| Yrke | lingvist, lyrikar, skribent, journalist, fabulist, dramaturg, forleggjar, omsetjar, barnebokforfattar, skodespelforfattar |
| Språk | russisk |
| Sjanger | fabel, dikt, prosa |
| Medlem av | Det russiske vitskapsakademiet, Vitskapsakademiet i St. Petersburg[*] |
| Far | Andrey Krylov |
| Prisar | 1. klasse av Sankt Stanislaus-ordenen, Sankt Vladimirs orden, Sankta Annas orden |
| Ivan Krylov på Commons | |
Ivan Andrejevitsj Krylov (13. februar 1769–21. november 1844) var ein russisk fabeldiktar, svært populær i Russland. Han skreiv over 200 fablar.
Krylov var fødd i Moskva. Han skreiv og gav ut fleire tidsskrift frå 1789. Her publiserte han forteljingar som Pokhvalnaja retj v pamjat moemu dedusjke (1792). 1805-1810 omsette han fablar av Jean de La Fontaine frå fransk til russisk. År 1806 debuterte han med sine eigne fablar.
Det finst ingen moral i Krylovs fablar, men han gjorde ofte narr av byråkrati, korrupsjon og slektshovmod. Ein av fablane hans handlar om gjæser som sette nebben i veret og ikkje ville verte slakta, ettersom forfedrane hadde kakla på Capitol og redda Roma frå gallarane.
Krylovs språk er folkeleg, rikt og treffsikkert.
Verk på norsk
[endre | endre wikiteksten]- Fabler, 1978
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ivan Krylov» frå Wikipedia på svensk, den 24. januar 2011.