Havindustritilsynet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Petroleumstilsynet)
Havindustritilsynet

Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.986174613
Skipa1. januar 2004
MorselskapEnergidepartementet
HovudkontorStavanger
LandNoreg[1]
Nettstadhttps://www.havtil.no/

Havindustritilsynet (Havtil), tidlegare Petroleumstilsynet (Ptil), er eit norsk statleg tilsynsorgan, etablert 1. januar 2004. Dei har ansvar for tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø innan petroleumsverksemd i Noreg. Tilsynet har hovudkontor på Ullandhaug i Stavanger.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Etatsansvaret omfattar alle fasar av petroleumsverksemda, som ved planlegging, prosjektering, bygging og bruk av innretningar, og ved seinare fjerning, eventuelt. Regjeringa har lagt følgjande oppgåver til Petroleumstilsynet:

Ved eige tilsyn og i samarbeid med andre styresmakter på HMS-området skal Petroleumstilsynet sikra at petroleumsverksemda og tilknytt verksemd vert følgde opp på ein heilskapleg måte. Petroleumstilsynet skal vidare driva informasjons- og rådgjevingsarbeid overfor dei aktørane som tek del i denne verksemda, få i stand føremålstenelege samarbeidsrelasjonar med andre HMS-styresmakter nasjonalt og internasjonalt og aktivt medverka til kunnskapsoverføring i samfunnet generelt på området helse, miljø og tryggleik. Petroleumstilsynet skal gje fråsegn til overordna departement om saker som er under handsaming i departementet, og assistera departementet på førespurnad i andre saker.

I vidaste forstand er alt arbeid i Petroleumstilsynet innretta mot at petroleumsverksemda skal vera forsvarleg med tanke på helse, miljø og tryggleik. Departementet har gjeve følgjande retningsliner for Petroleumstilsynet sine oppgåver: Oppfølginga skal vera systemorientert og risikobasert. Oppfølginga skal koma i tillegg til og ikkje som erstatning for den oppfølginga av eiga verksemd som næringa sjølv står for. Rollene Petroleumstilsynet har som høgrisiko-/teknologitilsyn og arbeidstilsyn, skal avvegast mot kvarandre på ein balansert måte. Medverknad og partssamarbeid inngår som viktige føresetnader for og prinsipp i det arbeidet som Petroleumstilsynet utfører.

Tilsynsområde[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til verksemda som går føre seg på norsk kontinentalsokkel har Petroleumstilsynet fått ansvar for tilsyn med petroleumsanlegg på land. Ansvaret gjeld petroleumsanlegga og røyrleidningssystema på Kårstø, Kollsnes, Stura, Tjeldbergodden, Mongstad, Melkøya og Slagentangen og eventuelle framtidige, integrerte petroleumsanlegg på land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 29603, Wikidata Q7061260 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]