Hopp til innhald

Melkøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melkøya
øy
Land  Noreg
Kart
Melkøya
70°41′13″N 23°35′56″E / 70.686969°N 23.598933°E / 70.686969; 23.598933
Wikimedia Commons: Melkøya

Melkøya er ei øy utanfor Hammerfest i Finnmark. På øya er bygt eit industrianlegg for mottak og prosessering av naturgass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet. Anlegget vert kalla Snøhvit LNG. Gassen vert send i ein 160 km lang gassrøyrleidning til Melkøya. På Melkøya vert gassen prosessert og konvertert til nedkjølt flytande form (LNG). Gassen vert så eksportert i spesialbygde skip. Statoil ASA er operatør for utbygginga.

Anlegget vart sett i drift hausten 2007. Den første skipslasta med 145 000 kubikkmeter flytande gass gjekk frå Melkøya den 20. oktober i 2007 med skipet «Arctic Princess».

Gassanlegget på Melkøya i juni 2012