Petseri maakond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Petseri maakond
Fylke i Estland
Flag of the Russian Soviet Federative Socialist Republic (1918-1920).svg 1920 – 1944 Flag of the Russian Soviet Federative Socialist Republic (1918-1920).svg
Flagg Våpen
Hovudstad Petseri
Historie
 – Den estiske sjølvstendekrigen  1920
 – Den andre verdskrigen  1944

Petseri maakond eller Petserimaa var eit tidlegare fylke i Estland som vart oppretta i 1920. Men sidan 1944 har størstedelen av det vore administrert som ein del av Pskov oblast, fyrst av Russiske SFSR og frå 1991 av, av Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Setoane, eit finsk folkeslag som er i slekt med estarane, reknar heile det historiske fylket Petseri maakond som sitt heimland.[1] Dei russiske innbyggjarane i Petseri maakond var hovudsakleg gammaltruande som snakka ein mellomting mellom russisk og kviterussisk.[2] På midten av 1400-talet, vart eit av dei viktigaste russisk-ortdokse klostera, Pskovo-Petsjerskij-klosteret grunnlagt i området.[3]

I det siste året av den fyrste verdskrigen, frå februar til desember 1918, vart hovudstaden i fylket, Petsjory, okkupert av tyske styrkar. Byen vart deretter overteken av estiske styrkar den 29. mars 1919, som ein del av den estiske sjølvstendekrigen. Gjennom den russisk-estiske Tartu-traktaten fekk deretter Estland Petsjory og området rundt, Setomaa-regionen. Petsjory fekk namnet Petseri og området vart heitande Petseri maakond.

Under den andre verdskrigen vart Petseri maakond okkupert av den tyske hæren mellom august 1941 og 11. august 1944, og deretter av sovjetstyrkar under framstøtet deira mot Nazi-Tyskland. Sovjetstyresmaktene annekterte Petseri maakond til Russiske SFSR i 1944. I 1991, etter at Sovjetunionen braut saman, fremja Estland eit krav om få området tilbake, slik det var sagt i Tartu-traktaten. Estland gav opp dette kravet i november 1995.[4]

Estland har skrive under på den estisk-russiske grensetraktaten av 18. mai 2005. I innleiinga står det at den tidlegare traktaten om statsgrensa delvis vert oppheva, i samanheng med paragraf 122 i den estiske grunnlova.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]