Petter Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petter Amundsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1962 (62 år)
Yrke organist, musikar
Politisk parti Alliansen

Petter Amundsen (fødd i 1962)[treng kjelde] er ein norsk organist og forfattar som også vert omtalt som amatørkryptograf.

Amundsen er organist ved Holmenkollen kapell i Oslo.

Shakespeare-teori[endre | endre wikiteksten]

Amundsen er kjend for spekulative teoriar om William Shakespeare, mellom anna at Francis Bacon, saman med nevøen sin Henry Neville og det løynlege brorskapet rosenkrossordenen, var dei eigentlege forfattarane av verka til Shakespeare. Teorien fekk brei omtale i eit program på NRK.

I 2009 kom TV-serien Shakespeares skjulte koder ut. Serien hadde fire episodar og handlar om det same som boka. Her vart sjåarane med Amundsen til øya Oak Island. Den britiske Shakespeare-eksperten Stanley Wells kalla teorien for ein «intellektuell leik». Den 13. april 2012 hadde ein film om hypotesane til Amundsen, Shakespeares skjulte sanning, premiere i ei rekkje norske byar.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I eit samarbeid med forfattaren Erlend Loe gav Amundsen i 2006 ut boka Organisten. I boka står det om Amundsens kodefunn, teknikkar og fremgangsmåter.

I 2012 vart det utgjeve ei E-bok skrivem av Amundsen, Oak Island and the Treasure Map in Shakespeare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]