Prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borre prestegard i nærleiken av Borre kyrkje i Horten kommune. Hovudbygningen med sidefløya vart freda i 1991.

Prestegard er eit gardsbruk som er knytt til eit presteembete, ofte eit sokneprestembete, og ligg gjerne i nærleiken soknekyrkja. Mange av prestegardane skriv seg frå mellomalderen og var opphavleg benefisert gods (benefisert eigedom), altså jordeigedom som låg til eit embete, og som beneficiarius (embetsmannen i dette embetet) dreiv sjølv og fekk inntektene av, eller hadde leigeinntekter av ved å overlate drifta til andre. Slike benifiserte gods var viktige for å sikre prestane levemåten ved å vere både bustad og inntektskjelde for dei. Prestane hadde sjølv ansvaret for drifta av garden, vanlegvis ved ein paktar. I 1821 ble alt benefiserte gods, òg omtalt som prestebordgodset, lagt til Opplysningsvesenets fond. Tilsynet med prestegarden i kvar kommune vart lagt til eit prestegardstilsyn med medlemar som kommunestyret utpeika.

I samband med at prestane skulle gå over på det vanlege lønsregulativet for statstilsette tenestemenn, skulle prestegardane paktast bort når det var mogleg, og prestane få vanlege embetsbustader. Avgjerder om sal, bortfeste og anna avhending av prestegardar ligg til Kongen (regjeringa i statsråd). Drifta av prestegardar som ikkje er pakta bort skal gå føre seg for Opplysningsvesenets fonds rekning, og inntektene nyttast til vedlikehald av driftsbygningar og bustadhus og anna på prestegardane.

Mange av prestegardane er viktige kulturminne, og fleire av dei er freda. Opplysningsvesenets fond eig såleis ei stor mengd prestegardar og prestebustadar med særs stor kulturhistorisk verde, og desse skal fondet vere eigar av i framtida òg. Men det pågår ein diskusjon om kva for gardar og bustader som bør prioriterast. Fondet legg stor vekt på at det skal bu prestar på dei eigedomane som fondet vel å eige av kulturminneomsyn, og vil leggje til rette for dette. Fleire av desse eigedomane ligg dessutan i område av landet der det trengst bustad for å få tilsett prest.

Soga[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen vart mange jordeigedomar gjeve til kyrkja for å danne grunnlaget for inntekta til presteskapet. Desse prestegardseigedomane var gjerne ressursrike, med god jord, rettar til fiske, jakt, seterdrift, skog og anna. På 1400-talet vart desse eigedomane, som vart kalla prestebordgods og hadde utvikla seg til lokale kyrkjelege eigedomar, sett på som eigne rettssubjekt som soknepresten kunne rå over forretningsmessig. Presten vart ein person som hadde fått seg særlege privilegium i samfunnet, og embete med særs lønsame prestegardar fekk gjerne nemninga «feite kall». Dette synet på presteskapet innebar at prestebordsgodset (prestegardane) vart halde utanom då klostera vart avskaffa i samband med reformasjonen i 1536 og all eigedom som hadde vore ått av biskopane vart overteke av kongen. Prestebordsgodset vart såleis ikkje lagt under kongen, men stort sett halde intakt og nytta til sitt opphavlege føremål fram til på slutten av 1700-talet med ein særskild status. Frå då av og frametter vart nokre prestegardar selde og inntektene nytta i dei presteembeta gardane låg i, til skular for ålmenta og som bidrag til Universitetet. Men prestebordsgodset vart likevel stort sett intakt og med ein særleg status heilt fram til 1814. Då vart § 106 (i dag § 116) i Grunnlova formulert slik at det vart gjort skilnad mellom det benefiserte gods og dei einskilde presteembeta ved at dei lokale presteembeta ikkje fekk ein spesifikk del av inntektene frå godset, samstundes som det vart hindra at avkastinga av slik eigedom og kapital gjekk inn i statskassa. I 1816 vedtok det første ordentlige Storting at prestebordsgodset ikkje skulle avhendast, og i 1821 kom lova som slo fast at prestegaradar og enkjeseter vart unnateke reglene om at alt benefisert gods skulle seljast etter kvart som festeavtalene løp ut. Inntektene frå salet av det benefiserte godset skulle plasserast i eit renteberande kapitalfond, og inntektene av fondet skulle delast med 1/3 til Universitetet og 2/3 til Opplysningsvesenets Understøttelsesfond. Mellom åtte og ni tusen gardar vart deretter selde i tida frem til 1860, og inntektene lagt til Opplysningsvesenets Understøttelsesfonds kapital. Utbetalingane til Universitetet frå fondet tok slutt i 1963.

Det gamle naturalavlønningssystemet for prestane vart avvikla i 1955 ved lova om prestebustader og prestegardar. Prestane fekk no løn frå staten, og prestegardane skulle no berre nyttast som embetsbustad, ikkje som inntektskjelde for prestane. Ei ny lov om Opplysningsvesenets fond kom i 1996 og slo fast at avkastninga av fondet skal kome Den norske kyrkja til gode, og at sal og utleie av eigedom berre skal skje på marknadsvilkår. Korkje eigedomar eller kapital som fondet eig kan gis bort eller brukast opp. Når eigedomar vert selde, skal inntektene leggjast til kapitalfondet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]