PewDiePie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
PewDiePie

Verkeleg namn Felix Arvid Ulf Kjellberg
Nasjonalitet  Sverige
Statsborgarskap Sverige
Fødd 24. oktober 1989 (34 år)
Göteborg
Yrke YouTuber
Språk svensk, engelsk
Høgd 179 centimeter
Mor Lotta Kristine Johanna
Ektefelle Marzia Bisognin
Nettstad http://www.pewdiepie.com/
PewDiePie på Commons

Felix Arvid Ulf Kjellberg (fødd 24. oktober 1989), best kjend under kallenamnet PewDiePie, er ein svensk dataspelkommentator på YouTube. PewDiePie opna YouTube-profilen sin 29. april 2010, og YouTube-kanalen har sidan 15. august 2013 vore den kanalen med flest abbonnentar på YouTube, med over 53 millionar.

19. juli 2014 gjekk kanalen hans forbi Rihanna sin VEVO-kanal som tidenes mest sette; per januar 2015 har kanalen til PewDiePie fått meir enn 11,8 milliardar visingar. Som internettkjendis har PewDiePie kunne påverka salet av indiespel og samle inn pengar til veldedige føremål via sin fanbase, som har kallenamnet «Bro Army». I tillegg til internettaktiviteten sin har PewDiePie òg spelt seg sjølv i to episodar av TV-serien South Park.

PewDiePie lagar videoar der ein kan sjå han i det eine hjørnet av skjermen medan han kommenterer og reagerer på det som skjer i eit dataspel. Han byrja karrieren med å kommentere spel i skrekk- og actionsjangrane, i hovudsak Amnesia: The Dark Descent. Reaksjonane når han vert skremd eller gjer noko spesielt morosamt i eit spel, set han ofte saman til ein kavalkade med dei beste augneblikka frå videoane hans. Han legg vekt på at «YouTube skal vere YouTube», og har difor avslege å leige inn klipparar og redigerarar til videoane sine, men gjer alt arbeidet sjølv.