Phil Kaufman
Phil Kaufman | |||
Fødd | 26. april 1935 (89 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | USA | ||
Sjanger | Folkrock, rock, soul, R&B, blues | ||
Tilknytte artistar | Joe Cocker Etta James The Rolling Stones Frank Zappa | ||
Verka som | Plateprodusent, turnémanager, forfattar |
Philip C. Kaufman (fødd 26. april 1935)[1] er ein USA-amerikansk plateprodusent, turnémanager og forfattar, mest kjend for å ha stole liket av countrymusikaren Gram Parsons for å brenne det i Joshua Tree National Monument. Dette vart seinare tema i filmen Grand Theft Parsons. Han skreiv boka Road Mangler Deluxe, ein sjølvbiografi om opplevingane hans i musikkindustrien. Han arbeidde med Parsons, The Rolling Stones, Emmylou Harris, Joe Cocker, Frank Zappa, Hank Williams III, Etta Jamesog mange fleire.[2]
Songen «Why Does It Hurt When I Pee?» frå Frank Zappa-albumet Joe's Garage fortel soga om «urinproblema» til Kaufman.[3]
Kaufman møtte Charles Manson i fengsel og det var gjennom Kaufman at Manson fekk platekontrkat i slutten av 1960-åra. Kaufman produserte og gav ut albumet til Manson.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Phil Kaufman» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Phil Kaufman, renowned road manager, celebrates 75th birthday: updated».
- ↑ «Road Mangler Deluxe». Amazon.
- ↑ YouTube
- ↑ Manson: The Life and Times of Charles Manson By Jeff Guinn p 314