Phleng Chat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Phleng Chat (เพลงชาติ) er nasjonalsongen til Thailand, teken i bruk den 10. desember 1939. Teksten er skriven av Luang Saranupraphan medan Phra Chen-Duriyang (Peter Feit, son av ein tysk innvandrar) skreiv melodien.

Songen blei til få dagar etter statskuppet i 1932, og blei kringkasta for første gong i juli det året. Khun Wichitmatra skreiv dei opphavlege orda. I 1939 blei namnet på landet endra frå Siam til Thailand, og det blei utlyst ei tevling om å skapa nye ord til teksten. Luang Saranuprapan sitt bidrag vann. Statminister Phibunsongkhram gav ordre om at songen skulle spelast kvar dag klokka 8.00 og 18.00, då alle måtte stå for å markera respekt. Denne loven gjeld framleis, og thaiane står, om ikkje to gonger til dagen, men som regel når nasjonalsongen blir spelt.

Tekst med transkripsjon[endre | endre wikiteksten]

Originaltekst Transkripsjon
ประเทศไทยรวมเลือดเนื้อชาติเชื้อไทย Pra thet thai ruam luead nu'a chat chu'a thai
เป็นประชารัฐ ไผทของไทยทุกส่วน Pen pra cha rat pha thai kho'ng thai thuk suan
อยู่ดำรงคงไว้ได้ทั้งมวล Yu dam rong khong wai dai thang muan
ด้วยไทยล้วนหมาย รักสามัคคี Duay thai luan mai rak sa mak khi
ไทยนี้รักสงบ แต่ถึงรบไม่ขลาด Thai ni rak sa ngop tae thu'ng rop mai khlat
เอกราชจะไม่ให้ใครข่มขี่ Ek ka raj ja mai hai khrai khom khi
สละเลือดทุกหยาดเป็นชาติพลี Sa la luead thuk yat pen chat p'hli
เถลิงประเทศชาติไทยทวี มีชัย ชโย Tha loeng pra thet chat thai tha wi mi chai ch'yo

Norsk omsetjing[endre | endre wikiteksten]

Thailand er bygd opp av kjøtet og blodet til thaiane
jorda i fedrelandet høyrer heilt til barna
der har dei budd frie i lang tid
alle thaiar ønskjer å forbli samla
dei søkjer fred, men vik ikkje unna frå strid.
Dei lét ingen leggja dei under seg
men ofrar sin siste drope blod for landet
og vinn landet ein skinande siger.