Phyllis Francis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phyllis Francis


Statsborgarskap USA
Fødd 4. mai 1992 (31 år)
Queens
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2015, Stafett-VM i friidrett 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016

Phyllis Chanez Francis (fødd 4. mai 1992) er ein USA-amerikansk tidlegare sprintar som i 2017 vart verdsmeister på 400 meter. Ho har elles vunne OL-gull og to VM-gull i 4 x 400 meter stafett.

Francis deltok i VM i friidrett 2015 og vart nummer sju på 400 meter. Året etter kom på ho på femteplass på 400 m under sommarleikane i Rio de Janeiro, før ho var med å vinne gullmedaljen i 4 x 400 meter stafett. Noko overraskande sigra ho på 400-meteren i verdsmeisterskapen i London, der ho sette personleg rekord på 49,92 sekund. Fire dagar seinare fekk ho æra av å springe USA inn til ein suveren siger i den lange stafetten. Francis presterte livsbeste 49,61 sekund i VM-finalen 2019, men vart ikkje betre enn nummer 5 i løpet. Deretter tok ho seg av startetappen då USA enno ein gong tok VM-gull i 4 x 400 m stafett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]