Piccolomini på månen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piccolomini

Bilete av Lunar Orbiter 4
Koordinatar29°42′S 32°18′EKoordinatar: 29°42′S 32°18′E
Diameter88 km
Djupne4.5 km
Colengdegrad328° ved soloppgang
EponymAlessandro
Piccolomini

Piccolomini er eit markant nedslagskrater søraust på månen. Krateret Rothmann ligg i vest-sørvest, og i sør ligg Stiborius. Det lange Rupes Altai byrjar ved vestkanten av Piccolomini, og svingar seg nordvestover. Krateret er namnsett etter den italienske erkebiskopen og astronomen Alessandro Piccolomini frå 1500-talet. Det er 88 kilometer i diameter og 4 500 meter djupt. Krateret er frå øvre imbrium for 3,8 til 3,2 milliardar år sidan.[1]

Kraterkanten har blitt kraftig slite ned av andre nedslag, og den indre veggen består av terrassar. Desse strkturane er noko glatt ut av ras og erosjon, mest truleg skapt av seismisk aktivitet. Kraterbotnen er relativt jamn, med berre nokre små åsar og krater. I midten er ein kompleks sentral topp omgjeve av mindre toppar. Hovudtoppen stig 2000 meter over kraterbotnen.[2][3]

Satellittkrater[endre | endre wikiteksten]

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Piccolomini.[4]

Piccolomini Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 26.4° S 30.4° E 16 km
B 25.8° S 30.5° E 12 km
C 27.6° S 31.1° E 26 km
D 26.9° S 32.2° E 17 km
E 26.1° S 31.8° E 18 km
F 26.3° S 31.8° E 72 km
G 27.2° S 34.7° E 18 km
H 27.9° S 27.6° E 9 km
J 25.0° S 30.1° E 28 km
K 25.7° S 29.7° E 8 km
L 26.1° S 33.7° E 12 km
M 27.8° S 31.8° E 23 km
N 27.3° S 26.2° E 9 km
O 26.6° S 30.5° E 11 km
P 30.4° S 35.9° E 12 km
Q 30.8° S 36.4° E 14 km
R 29.3° S 35.3° E 16 km
S 31.6° S 34.1° E 21 km
T 28.5° S 29.0° E 8 km
W 26.8° S 29.2° E 6 km
X 26.9° S 31.5° E 8 km

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Autostar Suite Astronomer Edition. CD-ROM. Meade, April 2006.
  2. Rükl, Antonín (1990). Atlas of the Moon. Kalmbach Books. ISBN 0-913135-17-8. 
  3. Moore, Patrick (2001). On the Moon. Sterling Publishing Co.. ISBN 0-304-35469-4.
  4. Bussey, B.; Spudis, P., (2004). The Clementine Atlas of the Moon. New York: Cambridge University Press. ISBN 0-521-81528-2.