Pico de Orizaba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pico de Orizaba
Citlaltépetl, Iztactépetl
fjell
Pico de Orizaba 1 Zoom.jpg
Statar Veracruz, Puebla
Distrikt Orizaba
Topp Puebla i Mexico
Høgd 5 675 m
Type Stratovulkan
Wikimedia Commons: Citlaltépetl

Pico de Orizaba, på nahuatl Citlaltépetl eller Iztactépetl, er det høgaste fjellet i Mexico med ei høgd på nesten 5 700 moh. Det er eit vulkanfjell som sist hadde eit større utbrot i 1687 og eit mindre i 1867.

Pico de Orizaba har namn etter byen Orizaba, som ligg ved foten av fjellet. Namnet «Citlaltépetl» var det vanlege nahuatlnamnet då spanjolane kom til området. Det er sett saman av citlalli som betyr 'stjerne' og tepetl som betyr 'fjell'. «Iztactépetl» er eit lokalt nahuatlnamn og kan omsetjast som 'kvitfjell'. Pico de Orizaba er snødekt året gjennom.

Pico de Orizaba og «veslebroren» Sierra Negra.

Fjellet er av vulkansk opphav. Pico de Orizaba høyrer til det transmeksikanske vulkanbeltet og ligg i delstatane Veracruz og Puebla. Det høgaste punktet av fjellet ligg i Puebla. Søraust for Pico de Orizaba ligg Sierra Negra, som er 4 640 meter høgt.

Pico de Orizaba er rekna som ein sovande vulkan. Dei siste plinske vulkanutbrota fann stad i 1687, 1630, 1613, 1569, 1566, 1545–1565? og 1537. Vulkanen hadde også eit mindre utbrot i 1867. Etter dette utbrotet har fjellet berre hatt fumarolsk aktivitet.

Pico de Orizaba var viktig for aztekarane og totonacasfolket. Fjelltoppen og høgdedraga rundt er i dag del av ein nasjonalpark. Det finst fleire ruter for å nå vulkanen, og mange folk vitjar han. Frå toppen av fjellet kan ein sjå til Mexicobukta og det andre og tredje høgaste fjellet i Mexico, Popocatépetl og Iztaccihuatl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]