Piero di Cosimo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piero di Cosimo

Fødd 2. januar 1462
Firenze
Død

12. april 1522 (60 år)
Firenze

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Piero di Cosimo på Commons

Piero di Cosimo, også kjend som Piero di Lorenzo (2. januar 146212. april 1521), var ein renessansemålar og -teiknar frå Firenze i Italia. Han er best kjend for sine mytologiske måleri og sine portrettbilete.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Simonetta Vespucci, ca. 1483

Piero var fødd i Firenze, der faren var gullsmed. Sjølv gjekk han i lære hos målaren Cosimo Rosselli, og fekk kallenamn etter han. Piero assisterte i 1481 Rosselli med målararbeidet i det sixtinske kapellet.

I sine tidlege år var Piero påverka av den nederlandske naturalismen til Hugo van der Goes. Goes laga den såkalla Portinari-altartavla, eit verk som leia florentinske skulen i måling i ei heilt ny retning. Piero tileigna seg grunnleggande kunnskap om blomar og om dyreliv, stilen til Hugo van der Goes er særleg tydeleg i biletet Hyrdingane tilber.

Saman med meisteren sin, Rosselli, la han i 1482 ut på ei reise til Roma. Han viser seg som ein sann tilhengar av renessansen gjennom skildringane av figurar i den klassiske mytologien i måleri som Venus, Mars og Cupido, Persevs bergar Andromeda og i mange andre bilete. Inspirert av Vitruvius si skildring av mennesket si utvikling, syner Pieros mytiske komposisjonar fram bisarre, hybride skapningar av menneske og dyr, eller av mennesket som lærer ta i bruk elden og ymse reiskap. Dei mange nakne figurane i desse arbeida viser påverknad frå Luca Signorelli.

Persevs bergar Andromeda, ca. 1520

I samtida hadde Piero ry for å vere ein eksentrikar, eit rykte som vart forstørra og overdrive av biografen Giorgio Vasari.[1] Piero vart påverka av preikene til Girolamo Savonarola og skal dei siste leveåra ha trekt seg tilbake og måla religiøse motiv, men med nedtrykt sinn. Jesu fødsel med englar og Den heilage familien illustrerer den religiøse gløden han henta frå Savonarola.

Piero vart mykje påakta som portrettmålar. Mellom dei mest berømte måleria hans er eit portrett av den florentinske adelskvinna Simonetta Vespucci. I fylgje Vasari utmerka Piero seg med å forme førestillingar og prosesjonar for nytingssjuke ynglingar i Firenze. Målaren gjev ei livaktig skildring av ein slik prosesjon ved slutten av fasta i 1507, ei skildring som illustrerer daudens triumf. Piero di Cosimo utøvde ein avgjerande påverknad på sine samtidige elevar, Mariotto Albertinelli og Bartolomeo della Porta, og var også læremeister til Andrea del Sarto.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chilvers, Ian (2004). «Piero di Cosimo». The Oxford Dictionary of Art. Oxford University Press. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]