Pierre Akendengué

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pierre Akendengué
Pierre-akendegue.jpg
Fødd25. april 1943
FødestadFransk Ekvatorial-Afrika
OpphavGabon
Instrumentgitar
Verka sommusikar, komponist

Pierre-Claver Akendengué (fødd 25. april 1943) er ein musikar og komponist frå Gabon. I 1997 fekk han heimlandet sin «Prix d'excellence» ved Africa Music awards i Libreville, til ære for arbeidet hans. Han har òg vore kulturell rådgjevar for regjeringa i Gabon.

Han har vore ei viktig inspirasjonskjelde i afrikansk musikk og vert samanlikna med musikarar som Francis Bebey og Youssou N'Dour.[1] Han vert rekna som eit musikalsk geni i heimlandet Gabon og er forholdsvis godt kjend i den fransktalande verda, men elles lite kjend.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd på øya Awuta, som ligg like utanfor kysten av Port-Gentil, og gjekk på skule i Port-Gentil. Akendengué starta å skrive songar alt som barn, og då han var i tenåra var songane hans alt spelt på fleire radiostasjonar i Gabon.[1] Han studerte så psykologi og litteratur ved Universitet i Caen i Frankrike i 1960-åra. Medan han var i Frankrike møtte han songaren Mireille, som sette liv i musikkinteressa hans. Samstundes byrja synet hans å verte dårleg og han vart etter kvart heilt blind. Han reiste ei kort stund attende til Gabon, men sidan han var kritisk mot den gabonske regjeringa, vart han tvungen i eksil til Frankrike i byrjinga av 1970-åra.

I 1974 spelte Akendengué inn det første albumet sitt, Nandipo, som bestod av hans eigne songar sungne på fransk og nkomi. Han spelte sjølv gitar og hadde med seg eit kvinnekor, bass og perkusjon av Nana Vasconcelos. I 1976 spelte han inn Afrika Obota, som vart ein større suksess enn debutplata og han vann ein MIDEM-pris for beste fransktalande song.[1] I 1978 spelte han inn Eseringuila, som han vann ein Maraccas d'Or-pris for, for beste afrikanske innspeling i 1979. Han sette seinare musikk til dikt av P. E. Mondjegou, som «Le Chant du Coupeur d'Okoumé».

Då han kom attende til Gabon i 1985, studerte han solmisasjon og gregoriansk song ved ein katolsk skule. I 1986 gav han ut Piroguier som vert rekna som ein klassikar innan afrikansk musikk.[1] I 1986 fekk han doktorgrad ved Universitetet i Paris for studiet hans av religion og utdanning hos nkomi-folket.

I 1990-åra eksperimenterte han med klassisk musikk og i lag med den franske komponisten og produsenten Hughes de Courson gav han ut Lambarena, der dei blanda den tyske barokkmusikken til Johann Sebastian Bach med tradisjonell afrikansk musik. Med Maladalité (1995) og Carrefour Rio (1997), gjekk Akendengué attende til meir konvensjonell musikk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 La Verité d'Afrique (album)
  • 2005 Gorée (album)
  • 2004 Ekunda-Sah (album)
  • 2000 Obakadences (album)
  • 1996 Carrefour Rio (album)
  • 1995 Maladadite (album)
  • 1993 Lambarena (album)
  • 1990 Silence (album)
  • 1988 Espoir à Soweto (album)
  • 1986 Piroguier (album)
  • 1986 Sarraouinia (album)
  • 1984 Réveil de l'Afrique (album)
  • 1983 Mando (album)
  • 1982 Awana W'Afrika (album)
  • 1980 Mengo (album)
  • 1979 Owende (album)
  • 1978 Eseringuila (album)
  • 1976 Africa Obota (album)
  • 1974 Nandipo (album)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]