Pil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Pil (fleirtyding).
To piler

Pil er eit spisst prosjektil som kan skytast med boge, armbrøst eller blåserøyr eller kastast med handa. Ei pil er sett saman av ein pilspiss og eit skaft som ofte har styreflikar i enden.

Pilspissen kan ha mange former. Han er oftest tilspissa og kan gjerne ha ein eller fleire mothakar. Han kan også vera ganske brei og butt, for at pila ikkje skal gjennombora eller skada det ho treff. Pilspissar har vore laga av ulike materiale gjennom tidene: Stein (særleg flint), bein, horn, hardt tre, bronse, jern eller andre metall.[1]

Skaftet er gjerne av slankt, rundt tre, i moderne tid som oftast av plast. Langs bakenden av skaftet er det gjerne festa smale, utståande flikar - styrefjører - som skal støtta den rette flukta til pila gjennom lufta. For at bogestrengen skal få feste, er det ofte eit hakk i enden av pila.[1]

Piler likner gjerne på små spyd. Ordet «pil» (frå norrønt píla) er avleidd frå latin pilum, som tyder 'kastespyd'.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Pil», Store norske leksikon, 6. november 2011, https://snl.no/pil 
  2. «Pil» i Nynorskordboka; «pil» i Ordbog over det danske Sprog

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]