Spyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menn med mellomalderspyd under ein festival i Tyskland.

Eit spyd eller spjut (arkaisk: ein geir) er eit avlangt våpen med eit skaft og ein spiss. Det er eit kraftig våpen som kan kastast eller brukast til å stikka på nært hald. Ein har nytta dei i jakt på større dyr, og til krigføring. Bruken er blitt overført til idretten gjennom spydkast og nokre kampsportar.

Spydet er eitt av dei eldste våpna menneska har laga, og var truleg det mest vanlege fram til ein tok i bruk krutvåpen. Det finst i mange ulike former verda over, og har gjeve opphav til mellom anna lanse, bajonett og harpun.

Oppbyggjing[endre | endre wikiteksten]

Forhistorisk spyd (øvst) frå Colorado.

Eit spyd kan ha ein eller to delar. Den enklaste forma er ein stav som er tilspissa i eine enden. Slike spyd er gjerne av tre eller metall. Trespyd av denne typen er enkle å laga av lett tilgjengeleg materiale. Reine metallspyd krev meir ressursar, men er òg sterkare.

Andre spyd har spiss i eit anna materiale enn skaftet, til dømes bein, flint eller metall som jern, bronse eller stål. Slike spyd har ein meir effektiv materialbruk enn til dømes eit sverd.

Spyd kan òg vera utstyrte med handtak.

Spyd i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Pila i symbolet for Mars og hannkjønn er eit stilisert spyd.

Det mektige spydet er blitt brukt som symbol på makt, særleg krigsmakt, og manndom. Ein har òg brukt våpenet i namn, som Geir, kanskje for å overføra krafta frå det til namneberaren. Det finst spyd i mange slekts- og riksvåpen, og pila i symbolet for guden Mars, som i dag blir brukt til å symbolisera hannkjønn, er eit stilisert spyd.

Fleire gudar har spyd som sine våpen. I norrøn mytologi hadde herskarguden Odin hadde eit askespyd som heitte Gungne, medan den greske krigsgudinna Atene ofte blei framstilt med eit spyd i handa.

Spyd gjennom tunga til ære for Murugan.

Innan dyrkinga av den sørindiske guden Murugan står spydet sentralt. Utanfor mange murugantempel står ofte eit spyd tilhengjarar helser. Under thaiposam, ei hinduisk feiring av at Murugan fekk spydet sitt i gåve av mor si, er det mange som stikk små spyd gjennom delar av kroppen til ære for guden.