Pioneer 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pioneer 4 på utskytingsrampa, om bord i ein Juno II-rakett
Utforminga til Pioneer 4 og 3

Pioneer 4 var ein amerikansk romsonde som passerte 60 000 kilometer frå månen. Han vart skoten opp 3. mars 1959 med ein Juno II-rakett frå Cape Canaveral, og vart den fyrste amerikanske romsonden til å sleppa unna tyngdekrafta til jorda.

Pioneer 4 var kjegleforma - 51 centimeter høg og med ein diameter på 23 centimeter i den butte enden. Kjegla var forma av eit tynt skal av fiberglas dekt med gull for at ho skulle leia straum. Kjegla var òg måla med kvite striper for å halda temperaturen mellom 10 og 50 celsius. På tuppen av kjegla var det ein liten sonde om i lag med kjegla sjølv verka som antenne. Sonden var spinnstabilisert og vog 6,1 kilogram.

Pioneer 4 hadde ei vellukka oppskyting og nådde hovudmålet sitt: ein kurs frå jorda til månen. Sonden sende attende strålingsdata og gav ei verdfull øving i sporing. 4. mars 1959 passerte Pioneer 4 innanfor 60 000 kilometer frå måneyta, og vidare inn i solbane. Sonden hadde fotomålarar som skulle gå av ved ein avstand på 30 000 kilometer eller mindre frå månen; men desse gjekk ikkje av grunna den røynlege passeringsavstanden.

Sonden vart spora i 82 timar, ut til ein avstand på 655 000 km. I 1969 var Pioneer 4 framleis i solbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]