Pioneer 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teknikarar med Pioneer 3
Utforminga til Pioneer 3 og 4

Pioneer 3 var ein amerikansk romsonde som var meint å skulla nå månen. Han vart skoten opp 6. desember 1958 med ein Juno II-rakett frå Cape Canaveral. Oppskytinga var eit samarbeid mellom NASA og Army Ballistic Missile Agency.

Pioneer 3 var kjegleforma - 58 centimeter høg og med ein diameter på 25 centimeter i den breiaste enden. Kjegla var forma av eit tynt skal av fiberglas dekt med gull for at ho skulle leia straum. Kjegla var òg måla med kvite striper for å halda temperaturen mellom 10 og 50 celsius. På tuppen av kjegla var det ein liten sonde om i lag med kjegla sjølv verka som antenne.

Planen var at Pioneer 3 skulle passera nær månen etter 33,75 timar og deretter gå inn i solbane. Sonden hadde med seg fotoseller som skulle gå av på grunn av ljoset frå månen ved ein avstand på 30 000 kilometer. Derimot vart rakettdrivstoffet oppbrukt 3,7 sekund for tidleg, slik at sonden ikkje nådde unnsleppingsfart. Sonden nådde ei høgd på 102 360 kilometer før han fall inn i og brann opp i jordatmosfæren over Afrika 7. desember.

Sonden returnerte data for 25 timar av dei 38 timane og 6 minutta ferda varte. Dei attverande 13 timane kunne ein ikkje ta imot radiosignal grunna plasseringa til dei to sporingsstasjonane. Dataa som vart returnerte synte at temperaturen inne i sonden vart verande på kring 43 °C mesteparten av tida. Dataa synte òg at jorda hadde to åtskilde strålingsfelt, slik at dataa vart rekna som særs nyttige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]